×

Flesk

Flesk er feitt kjøt, særleg frå svin. Det er tidlegare òg bruka som ei generell nemning for svinekjøt. Det tyske ordet Fleisch tyder ganske enkelt 'kjøt'. Flesk er ein viktig komponent i tradisjonell norsk mat, som fleskesuppe, steikt flesk eller pannekaker, men det høge feittinnhaldet har gjort flesket mindre populært i nyare tid. Ei populær form av flesk er røykt, lettsalta sideflesk, kjend under det engelske namnet for flesk, «bacon». Ordet «flesk» vert også brukt i andre samanhengar, ofte som skjemt. «Sideflesk» eller berre «flesk» kan visa til kroppsfeitt hos folk. Å «selje flesk» viser til det å gå med for kort kjole slik at underkjolen viser. Det engelske uttrykket «to save [some]one's bacon» tyder at ein reddar skinnet sitt, eller det til nokon andre, frå større eller mindre skade.

Source: Wikipedia

Recipes